close
Image

Gravblinding, Chrysops sepulcralis. Foto frå: Holmegård Mose, Sjælland

Blindingar (Chrysops) ei slekt av tovenger i familien klegg, som omfattar mellomstore kleggar med karakteristiske mørke tverrband over vengene som vert haldne i ein trekant ut over bakkroppsryggen. Det er kjend om lag 250 artar på verdsbasis, og dei førekjem på alle kontinent utanom Antarktis. Sju av artane er påvist i Noreg, og fleire av dei er plagsomme blodsugarar som syg blod både frå menneske og husdyr.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chrysops
Beskriven av

Meigen, 1803

Skildring

Blindingar er små til middelsstore kleggar. Dei har funksjonelle punktaugo og store fasettaugo som hos levande fluger har kompliserte fargemønster. Vidare har dei meir avlange antenner enn andre kleggar, gjennom ei forlenging av dei første to segmenta. Vengene er gjennomsiktige med brune tverrband, samt mørke parti langs framkanten.

Levevis

Vaksne blindingar er dagaktive, begge kjønn lever av nektar og hoene er i tillegg pågåande blodsugarar på pattedyr. Artar i denne slekta kan overføra blodparasitten Loa loa til menneske og apar i Afrika.

Hoa legg egg i klasar på plantar som veks i vatn, men alltid over vassoverflata. Dei ser ut til å føretrekka undersida av blad og legg mellom 250 og 300 egg av gangen, og dei klekker etter litt under ei veke. Larvene er akvatiske eller halv-akvatiske, og lever i gjørme i kanten av bekkar og dammar. Dei fleste av artane lever av alger og daudt plantemateriale, men ein del kan òg vera rovlevande på andre virvellause dyr.

Utbreiing og norske artar

Det er kjend rundt 250 artar blindingar i verda, og dei finnest på alle kontinent utanom Antarktis. I Europa førekjem det 10-12 artar, korav sju er funne i Noreg.

  • Blinding Chrysops relictus
  • Firkantblinding Chrysops viduatus
  • Gravblinding Chrysops sepulcralis
  • Lys v-blinding Chrysops divaricatus
  • Mørk v-blinding Chrysops caecutiens
  • Raudfotblinding Chrysops rufipes
  • Svartfotblinding Chrysops nigripes

Les meir i Store norske leksikon:

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Chrysops
Artsdatabanken-ID
18693

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg