close

Faktaboks

Synne Vo

Synne Vorkinn

Fødd
20. august 1998, Lillehammer
Image
Synne Vo, foto frå 2025.
Synne Vo
Av /NTB.

Synne Vo er ein norsk popsongar og låtskrivar frå Lesja i Gudbrandsdalen. Ho syng personlege tekstar på dialekt. Ho fekk det store gjennombrotet sitt i 2025.

Debutsinglen Lær meg å leve gav ho ut sjølv i 2018. Den fyrste hiten på VG-lista, Ett minutt (2021), var òg hennar fyrste single på Warner Music Norway. Sidan 2023 har ho nådd Topp 20 på singlelista med MVH (2023, 5-spors EP), ok (2023), Her vil e vær (2025, sjetteplass) og to duettar som nådde tredjeplass: Alle vil til himmelen (2025, med Emma Steinbakken) og Ingen her e deg (2025, med Tobias Sten). I 2026 fekk ho hittar med Te de som elske han, Uerstattele og Bygda, som ho framførte i Hver gang vi møtesTV 2.

Debutalbumet Kanskje det går te helvete vart gjeve ut i september 2024 og nådde åttandeplass. Del 2, PS. Kanskje det går, kom ut i april 2025 og låg 22 veker på VG-lista, med fjerdeplass som beste plassering. Albumet vart nominert til Spellemannprisen. Synne Vo vart òg nominert til prisen «Årets låtskrivar».

Ho skreiv òg Gonna Be Alright saman med Ronny Janssen og Kristin Marie Skolem. Denne låta vart brukt i filmen Børning 3 (2020) og nominert til Musikkforleggerprisen for 2021. Synne Vo er ein av låtskrivarane bak Chris Holstens Smilet i ditt eget speil.

Prisar og utmerkingar

Smilet i ditt eget speil, som Synne Vo er ein av låtskrivarane bak, vann Spellemannprisen i kategorien «Årets låt» i 2021. Ho fekk prisen Årets nynorskbrukar i 2026 for å vere eit tydeleg nynorsk førebilete.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg