close
Image

Portulaca oleracea, portulakk. Foto frå: Vitskøl Kloster, Vesthimmerland, Danmark

Portulakk er ein plante som høyrer til portulakkfamilien. Blad, stilker og knoppar blir brukte i matlaging. I Noreg er det vanlegaste at stenglar og blad blir brukte til sylting.

Faktaboks

Uttale

portulakk

Etymologi
av latin ‘liten port’. Namnet kjem av frukta som spring opp med ein klapp.
Vitskapeleg namn
Portulaca oleracea
Beskriven av
Carl von Linné
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Skildring

Planten er ein eittårig art som blir opptil 30 cm høg. Han har nedliggjande, kjøtfulle stenglar og blad og små, gule blomar.

Utbreiing

Planten har opphav i Nord-Afrika, Asia og Midtausten. Den veks som ugras i alle varme og tempererte land. Planten er funnen tilfeldig forvilla i Noreg.

Bruk

Image

Ein kan også bruke portulakk i stir-fry.

portulakk
Av /shutterstock.

Friske blad, stilker og knoppar blir brukte i matlaging. Smaken er syrleg og salt.

Portulakk kan brukast frisk i salatar, supper og stuingar, til kalve- og lammekjøt, steik og kjøtkaker. Ein kan også tilsetje blada i stir-fry-retter eller koke dei som grønsak. Det mest vanlege her til lands er å sylte stilkene i sukker- og eddiklake og serverar til fiskesuppe og andre fiskeretter.

Næringsinnhald

Planten har eit høgt innhald av mineral og vitamin.

Historie

Portulakk er ein gammal medisinplante med tradisjonar heilt tilbake til antikken, der han vart nemnd i greske skrifter så tidleg som på 600-talet fvt. Så vel respektert var urta i Romarriket, at Plinius den eldre (23–79 evt.) tilrådde å bere ein amulett med portulakk til kvar tid for å halde all vondskap og sjukdom borte.

Innan folkemedisinen har portulakk blitt brukt mot mellom anna feber, rus, diaré, blod i urinen og urinvegsinfeksjon. Han har også blitt brukt som blodstillande middel, og skulle vere bra for auga og ømt tannkjøt.

Systematikk

Nivå Vitskapleg namn Norsk namn
Rike Plantae planteriket
Rekkje Magnoliophyta dekkfrøingar, blomsterplanter, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøblada planter, tofrøbladete planter
Orden Caryophyllales nellikordenen
Familie Portulacaceae portulakkfamilien
Slekt Portulaca portulakkslekta
Art Portulaca oleracea portulakk

Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2026).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Portulaca oleracea
Artsdatabanken-ID
101645
GBIF-ID
3084719

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg