close
Hopp til innhald

Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Eurovision Song Contest
SjangerMusikktevling
SkaparMarcel Bezençon
ProgramleiararSjå programleiarar
Kjenningsmelodi-
komponist
Marc-Antoine Charpentier
KjenningsmelodiTe Deum
LandSjå land
SpråkEngelsk og fransk
StaderSjå vertsbyar
Varigskap2 timar (kvar semifinale)
3 timar og 30 minutt (finalen)
ProduksjonsselskapDen europeiske kringkastingsunionen
DistributørEurovision
Bileteformat576i (SDTV) (1956–i dag)
1080i (HDTV) (2007–i dag)
Sendt24. mai 1956–i dag
Nettstad
eurovision.tv

Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.

Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.

Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn det landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.

Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.

Noreg i Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Noreg i Eurovision Song Contest.

Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La det swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.

Image
Deltaking sidan 1956: ██ Land som har vore med minst éin gong ██ Land som aldri har delteke, men har høve til det ██ Land som aldri har delteke, men meldt seg på

For å kunne delta må landet vere aktiv medlem i EBU. Aktive medlemmar er dei landa som ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet eller er medlem i Europarådet.[1]

Det europeiske kringkastingsområde er definert av Den internasjonale teleunionen som:[2]

«Den vestlege grensa til Det europeiske kringkastingsområde går ved den vestlege grensa til Region 1, den austlege ved lengdegraden 40° aust for Greenwich og den sørlege ved breiddegraden 30° nord og inkluderer den vestlege delen av Sovjetunionen, den nordlege delen av Saudi-Arabia og delar av landa som omkrinsar Middelhavet innanfor desse grensene. I tillegg er Irak, Jordan og den delen av Tyrkia som ligg utanfor dei overnemnte grensene inkludert i Det europeiske kringkastingsområde».[3]

Den vestre grensa til Region 1 er trekt vest for Island.

Kva for land som kan delteke er ikkje stadfesta av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje noko samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel, Kypros og Armenia i Vest-Asia og Marokko i Nord-Afrika. Kypros og Armenia er medlemmar av Europarådet og Kypros òg medlem i EU. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan.[4] I 2015 fekk Australia i Oseania for første gong vere med i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde og ikkje er aktiv medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[5] Australia har delteke i ESC kvart år sidan.

52 land har delteke minst éin gong, medan to land, Tunisia og Libanon, har meldt seg på, men trekt seg før tevlinga starta.[6] I tillegg har to av landa vorte oppløyst, fyrst Jugoslavia som seinare vart til Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Makedonia og Serbia og Montenegro, og så Serbia og Montenegro som seinare vart til Serbia og Montenegro. I 1990 vart Vest-Tyskland sameint på nytt med Aust-Tyskland og landet fekk namnet Tyskland, som dei har delteke med sidan 1991.


ÅrLand som debuterte i tevlinga
1956Image Belgia, Image Frankrike, Image Vest-Tyskland, Image Italia, Image Luxembourg, Image Nederland, Image Sveits
1957Image Austerrike, Image Danmark, Image Storbritannia
1958Image Sverige
1959Image Monaco
1960Image Noreg
1961Image Finland, Image Spania, Image Jugoslavia
1964Image Portugal
1965Image Irland
1971Image Malta
1973Image Israel
1974Image Hellas
1975Image Tyrkia
1980Image Marokko
1981Image Kypros
1986Image Island
1993Image Bosnia-Hercegovina, Image Kroatia, Image Slovenia
1994Image Estland, Image Ungarn, Image Litauen, Image Polen, Image Romania, Image Russland, Image Slovakia
1998Image Makedonia
2000Image Latvia
2003Image Ukraina
2004Image Albania, Image Andorra, Image Kviterussland, Fil:EuroSerbia-Montenegro.svg Serbia og Montenegro
2005Image Bulgaria, Image Moldova
2006Image Armenia
2007Image Tsjekkia, Image Georgia, Image Montenegro, Image Serbia
2008Image Aserbajdsjan, Image San Marino
2015Image Australia
For meir om dette emnet, sjå Vertsbyar for Eurovision Song Contest.

Dei fleste land får arrangementet dekt av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.

Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.

Image
Vinnarar.
For meir om dette emnet, sjå Vinnarar av Eurovision Song Contest.
ÅrVertsbyVinnarlandArtistVinnarsongSpråk
1956Image LuganoImage SveitsLys Assia«Refrain»Fransk
1957Image Frankfurt am MainImage NederlandCorry Brokken«Net als toen»Nederlandsk
1958Image HilversumImage FrankrikeAndré Claveau«Dors mon amour»Fransk
1959Image CannesImage NederlandTeddy Scholten«Een beetje»Nederlandsk
1960Image LondonImage FrankrikeJacqueline Boyer«Tom Pilibi»Fransk
1961Image CannesImage LuxembourgJean-Claude Pascal«Nous les amoureux»Fransk
1962Image LuxembourgImage FrankrikeIsabelle Aubret«Un premier amour»Fransk
1963Image LondonImage DanmarkGrethe og Jørgen Ingmann«Dansevise»Dansk
1964Image KøbenhavnImage ItaliaGigliola Cinquetti«Non ho l'età»Italiensk
1965Image NapoliImage LuxembourgFrance Gall«Poupée de cire, poupée de son»Fransk
1966Image LuxembourgImage AusterrikeUdo Jürgens«Merci Chérie»Tysk
1967Image WienImage StorbritanniaSandy Shaw«Puppet on a String»Engelsk
1968Image LondonImage SpaniaMassiel«La, la, la»Spansk
1969Image MadridImage SpaniaSalomé«Vivo cantando»Spansk
Image FrankrikeFrida Boccara«Un jour, un enfant»Fransk
Image NederlandLennie Kuhr«De troubador»Nederlandsk
Image StorbritanniaLulu«Boom Bang a Bang»Engelsk
1970Image AmsterdamImage IrlandDana«All Kinds of Everything»Engelsk
1971Image DublinImage MonacoSéverine«Un banc, un arbre, une rue»Fransk
1972Image EdinburghImage LuxembourgVicky Leandros«Apres toi»Fransk
1973Image LuxembourgImage LuxembourgAnne-Marie David«Tu te reconnaitras»Fransk
1974Image BrightonImage SverigeABBA«Waterloo»Engelsk
1975Image StockholmImage NederlandTeach-In«Ding-a-Dong»Engelsk
1976Image HaagImage StorbritanniaBrotherhood of Man«Save Your Kisses For Me»Engelsk
1977Image LondonImage FrankrikeMarie Myriam«L'oiseau et l'enfant»Fransk
1978Image ParisImage IsraelIzhar Cohen«A-ba-ni-bi»Hebraisk
1979Image JerusalemImage IsraelMilk and Honey og Gali«Hallelujah»Hebraisk
1980Image HaagImage IrlandJohnny Logan«What’s Another Year»Engelsk
1981Image DublinImage StorbritanniaBucks Fizz«Making Your Mind Up»Engelsk
1982Image HorrogateImage Vest-TysklandNicole«Ein bißchen frieden»Tysk
1983Image MünchenImage LuxembourgCorinne Hermès«Si la vie est cadeau»Fransk
1984Image LuxembourgImage SverigeHerreys«Diggi-Loo Diggi-Ley»Svensk
1985Image GöteborgImage NoregBobbysocks«La det swinge»Norsk
1986Image BergenImage BelgiaSandra Kim«J'aime la vie»Fransk
1987Image BrusselImage IrlandJohnny Logan«Hold Me Now»Engelsk
1988Image DublinImage SveitsCéline Dion«Ne partez pas sans moi»Fransk
1989Image LausanneImage JugoslaviaRiva«Rock Me, Baby»Serbokroatisk
1990Image ZagrebImage ItaliaToto Cutugno«Insieme: 1992»Italiensk
1991Image RomaImage SverigeCarola Häggkvist«Fångad av en stormvind»Svensk
1992Image MalmöImage IrlandLinda Martin«Why Me?»Engelsk
1993Image MillstreetImage IrlandNiamh Kavanagh«In Your Eyes»Engelsk
1994Image DublinImage IrlandPaul Harrington og Charlie McGettigan«Rock’n Roll Kids»Engelsk
1995Image DublinImage NoregSecret Garden«Nocturne»Norsk
1996Image OsloImage IrlandEimear Quinn«The Voice»Engelsk
1997Image DublinImage StorbritanniaKatrina and The Waves«Love Shine a Light»Engelsk
1998Image BirminghamImage IsraelDana International«Diva»Hebraisk
1999Image JerusalemImage SverigeCharlotte Nilsson«Take Me to Your Heaven»Engelsk
2000Image StockholmImage DanmarkOlsen Brothers«Fly on the Wings of Love»Engelsk
2001Image KøbenhavnImage EstlandTanel Padar og Dave Benton«Everybody»Engelsk
2002Image TallinnImage LatviaMarija Naumova«I Wanna»Engelsk
2003Image RigaImage TyrkiaSertab Erener«Everyway That I Can»Engelsk
2004Image IstanbulImage UkrainaRuslana«Wild Dances»Engelsk og ukrainsk
2005Image KievImage HellasÉlena Paparízou«My Number One»Engelsk
2006Image AtenImage FinlandLordi«Hard Rock Hallelujah»Engelsk
2007Image HelsingforsImage SerbiaMarija Šerifović«Molitva»Serbisk
2008Image BeogradImage RusslandDima Bilan«Believe»Engelsk
2009Image MoskvaImage NoregAlexander Rybak«Fairytale»Engelsk
2010Image BærumImage TysklandLena Meyer-Landrut«Satellite»Engelsk
2011Image DüsseldorfImage AserbajdsjanEll & Nikki«Running Scared»Engelsk
2012Image BakuImage SverigeLoreen«Euphoria»Engelsk
2013Image MalmöImage DanmarkEmmelie de Forest«Only Teardrops»Engelsk
2014Image KøbenhavnImage AusterrikeConchita Wurst«Rise Like a Phoenix»Engelsk
2015Image WienImage SverigeMåns Zelmerlöw«Heroes»Engelsk
2016Image StockholmImage UkrainaJamala«1944»Engelsk og krimtatarisk
2017Image KievImage PortugalSalvador Sobral«Amar pelos dois»Portugisisk
2018Image LisboaImage IsraelNetta Barzilai«Toy»Engelsk
2019Image Tel AvivImage NederlandDuncan Laurence«Arcade»Engelsk
2020Image RotterdamTevling avlyst
2021Image RotterdamImage ItaliaMåneskin«Zitti e buoni»Italiensk
2022Image TorinoImage UkrainaKalush Orchestra«Stefanija»Ukrainsk
2023Image LiverpoolImage SverigeLoreen«Tattoo»Engelsk
2024Image MalmöImage SveitsNemo«The Code»Engelsk
2025Image BaselImage AusterrikeJJ«Wasted Love»Engelsk
2026Image WienImage BulgariaDara«Bangaranga»Engelsk

Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga i 1969 av di det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Image Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest