Ifølge gamle mytar skal mengda rognebær om hausten indikere kor mykje snø det blir den påfølgande vinteren. Logikken er at trea ikkje klarar å bere tung last to gonger, og at mykje rognebær medfører lite snø påfølgande vinter, mens lite rognebær på trea gjev mykje snø. Meteorologisk institutt har følgt med på rognebær- og snømengder over fleire år og har ikkje funne nokon sikker samanheng.
Rognebær er vårt nest suraste bærslag. Kun tranebær inneheld meir syrestoff. Rognebær inneheld mykje C-vitamin, rundt 60 mg per 100 gram. Dette er meir enn appelsinar, som inneheld om lag 51 mg per 100 gram. Helsemyndigheitene tilrår at ein vaksen person får i seg 75 mg C-vitamin kvar dag. Ved inntak av 125 gram rognebær får ein vaksen person dekt heile dagskvota av C-vitamin.
Bæra blir søtare med frost. Før frosten set inn om hausten, er det få fuglar som et rognebær. Rett etter den første frosten blir aktiviteten frå fuglane stor, og då kan eit rognetre bli ribba for bær i løpet av kort tid.
Rognebær blir mellom anna brukt i syltetøy, gelé, vin og likør.
Søtrogn (Sorbus aucuparia «Edulis»), er eit kultivert treslag som ikkje er viltveksande i Noreg. Treslaget blir nytta litt som hagevekst. Edulis er like hardført som rogna vår, men inneheld svært lite eller ikkje noko bitterstoff. Søtrogn er altså mykje søtare enn vårt viltveksande treslag og inneheld over dobbelt så mykje C-vitamin.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.