close
Foto av Mette-Marit med gallakjole, tiara og ordensbånd.
Dronning Mette-Marit av Noreg.
Dronning Mette-Marit
Av /Det kongelige hoff.

Dronning er ei kvinne som leier ein stat med monarki som styreform, eller er gift med ein konge. Ei dronning som leier ein stat, blir kalla monark, som er ein type statsoverhovud.

Retten til å vere dronning og statsoverhovud, går som oftast i arv. Det heiter å arve trona. Den som skal bli dronning og statsoverhovud er tronarving. For eksempel skal kronprinsesse Ingrid Alexandra arve den norske trona etter kvart.

Dronning Elizabeth 2. av Storbritannia arva den britiske trona av far sin, kong George 6. Då ho døydde i 2022, blei sonen Charles konge.

Dronning Mette-Marit av Noreg er dronning fordi ho er gift med kong Haakon. Ho er ikkje statsoverhovud.

Ein mann som leier eit monarki kan bli kalla for eksempel konge eller fyrste.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Image
Dag Einar Thorsen
Førsteamanuensis i statsvitenskap, Ph.d., Universitetet i Sørøst-Norge